tomrens liv

lørdag, november 29, 2008

Israel okt. 2008 - Via Dolorosa med støy og kav

På rundreise i Israel kan ein risikere å trakke i Jesu fotspor. Det kjendest spesielt å gå der han gjekk for mange år tilbake, og no vil eg foreta ei slik vandring ved å fortelje om dei ulike plassane.

Utsikt frå Oljeberget.
Jesus kom ridande inn mot Jerusalem, og på Oljeberget stoppa han og såg utover byen. Det gjorde sikkert inntrykk å stå der, men så byrja tårene å renne. For han visste at om ikkje så mange år skulle denne byen ligge aude, og det stolte tempelet skulle brennast. Det skjedde i år 70. Folket vart spreidde for alle vindar, og det skulle gå nesten 1900 år før dei fekk tilbake landet sitt.

Getsemane.
På turen vår i 2008 kom vi til Getsemane-hagen tidleg ein føremiddag, men Jesus var der om natta i år 33. Det var der han kjempa med angsten før han vart teken til fange. I hagen er der tre med tjukke stammar som såg gamle og sletne ut. Guiden fortalde at desse trea kunne bli 1000 år gamle. Det vil seie at ingen av dei stod der då Jesus gjekk der, men guiden fortalde også at når eit tre døyr, kan det kome nye skot frå same rota. Då kan det i alle fall vere røter i jorda som var der på Jesu tid. Det er usikkert om dei registrerte kva som skjedde der den tida, men ein kan fantasere om det.

Jesus tok med seg tre av disiplane sine lenger inn i hagen for at dei skulle kjempe saman med han, men søvnen tok overhand for dei. Han måtte kjempe åleine, og over den steinen der kampen foregjekk, er det no bygd ei kyrkje. Rundt steinen er det eit lite gjerde og eit alter. Den dagen vi kom dit, var der samla nokre spansktalande til gudsteneste. Samstundes svirra det turistar frå ulike verdshjørne rundt omkring, og eg måtte beundre desse spanske som klarte å konsentrere seg om det dei heldt på med.

Der var strenge reglar for kvar ein kunne bevege seg inne i kyrkja, og hovudet på mannfolka skulle vere bart. Ein stakkars nordmann hadde forvilla seg innafor sperringane, og dessutan hadde han gløymt å ta av seg capsen. Han vart bestemt irettesett av ein av vaktmennene i kyrkja.

Trappene til avhøyr.
Jesus vart teken til fange i Getsemanehagen, og han vart ført ned Kedrondalen og opp til overpresten Kaifas sitt hus. Her skulle han avhøyrast. Frå Kedrondalen og opp til Kaifas er der ei steintrapp, og dei er der i dag dei same steinane som var der då Jesus gjekk på dei opp til avhøyret. Det var spesielt å trakke på desse steinane og tenkje på kva som skjedde her i år 33. Det vart nokre minutt i stillheit og ettertanke.

Oppe ved Kaifas sitt hus er der ei statue av Peter som nekta og banna på at han ikkje kjende denne mannen frå Nasaret. Peter hadde sagt at han skulle ofre livet sitt dersom det vart naudsynt, men her vart dei store orda sett på prøve. Han stod rundt bålet og varma seg, og der var det ei jente som kjende han igjen, og som konfronterte han med desse spørsmåla. Då fall det store motet til jorda, og Peter opplevde den største nedturen i livet sitt.

Via Dolorosa.
Etter domfellinga gjekk vegen Via Dolorosa til Golgata. No i 2008 var det trongt å gå her, og varmen gjorde at det kjendest klamt. Folkestimmelen var til tider stor, og det gjorde at det var vanskeleg å kome seg fram. Salsbudene låg på begge sider bortover, og seljarane brukte høg røyst for å få merksemd. Brått kom det ein ortodoks jøde i svarte kle som skulle opp nokre trappetrinn med ei barnevogn. Han såg ut for å ha dårleg tid, og det heile virka noko slitsamt. Like brått kom det mot oss ein mann berande på ein 75 cm høg stabel med eggebrett, og ein ikkje så fin tanke slo ned i meg: Tenk om nokon set krokfot på han. Det ville bli eit skue, men det var ikkje fint å tenkje slik.

I dette virvaret byrja eg å lure på om her var like ståkete på Jesu tid. Ja, det kan hende det, og så vart det ei preike for meg. Det var her han gjekk, midt i alt som var her. Han er i alt det som livet vårt inneheld av støy og kav, og den tanken vart sterkare når vi kom til dei steinane i vegen som også var der på Jesu tid. Dei var større enn dei andre steinane, og det var spesielt å sette beina sine på dei og tenkje at det var i dette han var, og det var her han bar krossen.

Albogar i gravkyrkja.
Via Dolorosa fører til Golgata og grava. Her var det igjen bygt ei kyrkje, og her var det igjen å stå i kø. Vi lærte ein del om køståing. Vi stod som sild i tønner ved inngangen til Golgata, og vi bevega oss sakte mot den plassen der krossen stod. Men når vi kom fram, gjaldt det å kome seg vidare så fort som råd. Vaktene var ivrige i tenesta, og dei hoya på. Det var visst fleire som venta lenger bak.

Og eg som tenkte at dette skulle bli ei andektig stund ved det dramaet som skjedde her i år 33, og som eg har preika om så mange gongar. Men nei då, her var det å haste vidare. Eg fekk teke nokre bilete, og eg fekk sett på alle kara som hang i taket og alle stearinlysa som brann i fata. Bak dette var det sett opp ein kross med ein figur på, og ved foten av krossen var det eit avlukke der ein kunne stikke hovudet inn og få seg ei stille stund. Stunda vart ikkje så stille og så lang før vi vart skyssa vidare til neste kø.

Og neste kø var ved Jesu grav. Inne i gravkyrkja er det bygt eit kapell over den plassen der grava var, og her var det igjen å vere sild i tønne, saman med nokre russarar som hadde lært å alboge seg fram. Og russarane har tydelegvis lært seg å vere effektive, for dei var ei stor gruppe med ein guide som stod ein eller annan plass og fortalde. Dei av gruppa som stod næraste oss kom stadig med ”hysj” til oss, for vi også ville prate. Svaret vårt var då: ”Go closer”, men det var ikkje lett å gå nærare guiden når vi alle var sild i tønne. Ja, litt moro skal vi ha på ein slik alvorleg plass når tolmodet har tronge kår.

Gå! Gå! Gå!
Omsider var eg framme ved inngangen til grava etter å ha trakka ei russardame på tåa og etter å ha irettesett ein russarmann som sneik i køa. Den ivrige vakta bad oss stå på ei linje, og så var det min tur til å gå inn. Ikkje lenge etter small døra til gravkapellet igjen bak meg, og utanfor høyrde eg vakta rope: ”Gå! … Gå! … Gå!...”. Det var den russardama med tåa det gjaldt. Ho hadde gjort noko ulovleg, og vakta ville ikkje sleppe henne inn. Men ho hadde reist langt og venta lenge i kø, så ho rikka seg ikkje.

Dette gav meg eit høve til ei stille stund for meg sjølv ved den tome grav. Så det er her ein tenkjer at det skjedde. Døden møtte sin overmann, og livet stod fram som sigersherre. Takka mi steig opp til han som lever, og som skal leve til evig tid, og litt av takka gjekk til russardama og vakta som gav meg denne stunda i fred og ro.

Etter nokre minutt valte eg sjølv å gå ut igjen, men ropa ”Gå!...” følgde meg på vegen derifrå. Eg kjenner ikkje utfallet av kampen deira, men eg kjenner utfallet av kampen mellom livet og døden.

Det store jordskjelvet.
Det var heftig det eg la bak meg. Det var høg temperatur og stort engasjement. Ropa var sterke og tydlege, og vilje til å stå imot var stor, men det er å ta for hardt i å kalle det eit jordskjelv.

Men på vegen ut frå gravkyrkja passerte eg restane etter eit jordskjelv. Det står skreve at då Jesus anda ut på krossen på Golgata, la mørket seg over landet sjølv om det var lyse dagen, og det kom eit jordskjelv. Folket som opplevde vart redde, og dei forstod meir av kven denne personen var. Ved utgangen frå gravkyrkja er noko av berget ramma inne, og dersom ein ser nøye på dette berget, ser ein at der er ei sprekke i den frå toppen til botnen. Det skal vere frå det jordskjevet som kom då Jesus døydde.

Etiketter:

søndag, november 09, 2008

Israel okt. 2008 - Jerusalem religiøst senter

Streng kontroll.

Så skulle det skje. Eg skulle få min første tur til Israel. Vi skulle flyge frå Gardermoen kl. 07.20 laurdag 11. oktober, og då måtte vi vere på flyplassen kl. 03.30. Det er slikt som går an ein sjeldan gong.

På flyplassen vart vi møtt av sikkerheitsfolk frå Israel, og dei intervjua ein og ein eller to og to. Spørsmåla var: Har du vore i Israel før? Har du vore i nokon av Israel sine naboland? Er dette din bagasje? Er der anna enn ditt i bagasjen? Kvar skal du vere når du kjem fram? Målet med intervjuet var å få vite om der var bomber eller våpen i bagasjen. Når alle var klarert, vart vi samla i eit rom i underetasjen før vi vart tekne med i buss ut til flyet, som stod ute på flyplassen.

Vi slapp igjennom, men alt var ikkje løyst for det. Det viste seg at nokre koffertar hamna på eit fly som skulle til London, der iblant min. Det vart oppklart, men så måtte eg ut av flyet og gå gjennom kofferten min saman med ein sikkerheitsvakt. Dei måtte sjekke om alt innhaldet var mitt, eller om nokon hadde lagt noko opp i som ikkje skulle vere der. Etter to timars forseinking var vi i lufta på veg sørover.

I Israel var det sikkerheitsfolk mange plassar. Det var vegsperringar på viktige innfartsvegar. Dei stod ved dei mest besøkte plassane, og dei var der ved viktige arrangement. Dette gjorde at det kjendest trygt å reise rundt i landet.

Ved heimreise frå Israel måtte vi gjennom same prosedyra på flyplassen. Vi møtte ca. 3 timar før avreise. Det var dei same spørsmåla frå sikkerheitsfolka, og vi var gjennom 5 passkontrollar før vi var ombord i flyet. Og så såg vi noko som undra oss: Tilbake på Gardermoen var det sikkersheitsfolk som kroppsvisiterte dei som skulle ta bagasjen vår ut av flyet. Dei var kanskje redde for at noko skulle leggast igjen der som ikkje skulle vere der.

Alt dette minna meg om at dette er eit folk som lever med truslar om å verte utsletta. Det er ein trussel som presidenten i Iran har uttalt. Ein drosjesjåfør i Tel Aviv sa at dei ønskjer å leve i fred med andre folk, men dei kan ikkje stole på andre enn seg sjølve. USA har svikta dei før i avgjerande hendingar, og dei er ikkje trygge på at FN kan gi dei tryggleik.


Jerusalem - samling av tru og spenning.

Rundreisa vår i Israel starta på Oljeberget dagen etter at flyet vårt landa, og det kjendest spesielt å stå der og sjå utover den gamle delen av byen. Det var som å vere i verdas sentrum, for det som skjer her har betydning for mange andre plassar. Her er svært heile plassar for både jødar, kristne og muslimar, og det skal lite til før det vert tent eit bål som kan innvolvere mange millionar menneske.

Arkeologar har funne ut at det har budd folk her frå vel 3000 år f. Kr. Rundt år 1000 f. Kr. gjorde kong David Jerusalem til hovudstad og religiøst senter i riket sitt. På 900 talet f. Kr. bygde kong Salomo tempelet, og det vart den mest heilage plassen for jødane. Seinare vart byen øydelagt og bygt opp igjen, og til ulike tider låg den under framande makter sitt styre. Det var her dei mest avgjerande hendingane skjedde i Jesu liv, og år 70 e. Kr. vart byen lagt aude, og jødane vart spreidde. Dei var utan eige land til 1948.

Klippemoskeen på tempelplassen.

Frå 600 talet e. Kr. vart dette eit muslimsk område. Fram til då var det romerriket som rådde her, og kristendomen var statsreligion, men dei kristne hadde ikkje gjort noko med tempelplassen der Salomo sitt tempel stod. Tempelplassen låg aude etter øydeleggingane i år 70, men så fann muslimane på noko lurt: Dei kunne bygge ein moske der tempelet hadde stått, opp på det som var jødane sin mest heilage plass.

Og kva var grunnen til at muslimane ville til Jerusalem? Det er fortalt at profeten Muhammed kom hit på ein flygande kamel, og på tempelplassen fekk han overlevert openberringar frå Allah som seinare vart nedskrevne i Koranen. Desse openberringane kom via ein stige som var røyst opp mot himmelen. Derfor bygde muslimane ein moske der Salomo sitt tempel stod, og no er dette den tredje mest heilage plassen for dei. Mekka og Medina er dei to mest heilage plassane, og så kjem Klippemoskeen i Jerusalem som nr. 3.

Det er ikkje rart ein kjenner på spenningar i denne byen. Den er eit senter for 3 store religionar, og dei heilage plassane ligg så tett innpå kvarandre.

Klagemuren.

Ikkje mange meter frå Klippemoskeen ligg Klagemuren, og det er jødane sin mest heilage plass no når tempelet ikkje er der. Her var det igjen streng kontroll før vi kom inn på området. Metalldetektoren skulle avsløre om nokon ville ta med seg farlege gjenstandar.

Området framfor muren var delt i to, ein del for menn og ein del for kvinner, og alle menn måtte ha noko på hovudet før dei gjekk fram til muren. Det har å gjere med respekt, og det skulle minne om at Gud er gud.

Det som skjedde her kunne virke kaotisk. Nokon sat ved pultar og las høgt frå ei bønebok, og nokre av desse hadde surra svarte strimlar rundt armane, og dei hadde noko som likna på ein klosse på panna. Det gjorde dei for å symbolisere det som 5. Mosebok seier, at dei skulle binde Guds bod på armane sine og binde dei på panna. Medan dette skjedde, gjekk andre fram og tilbake, og midt i alt var der turistar som lista seg hit og dit for å knipse bilete. Eg sjølv tilhøyrde dei siste. Så her var det lyd og folk alle vegar ein snudde seg, men det såg ut som om kvar einskild konsentrerte seg om det som han sjølv heldt på med.

Så kom nokon bort til eit skap og tok ut noko som minna om ein bokrull i metall. Dei bar den bort dit kvinnene heldt til, og kvinnene høya og ropte og kasta karameller mot rullen. Det er slikt dei gjer når dei feirar konfirmasjon, når ein ungdom er 13 år og blitt vaksen og kan vere med å lese tekstane i Mosebøkene. Slike store seremoniar skjer ofte ved den mest heilage plassen, ved Klagemuren.

Midt i det som såg ut som ukontrolert virvar stod det nokre svartkledde menn stille inne ved muren. Dei stod så tett inn til som dei kunne kome, og dei las frå ei tekstbok medan dei nikka med hovudet heile tida. Det var ortodokse jødar som las bønene sine. Og mellom desse stod der nokon med eit teppe over seg. Det var eit bøneteppe, og dei brukte det for å halde ute det andre som skjedde rundt dei. Dei ville konsentrere seg om bønene som dei bar fram. Og i sprekkene i muren var der mange papirlappar. Det var bønelappar som folk hadde lagt igjen der.

Det å stå ved Klagemuren saman med alle desse menneska var nok det som gjorde mest inntrykk på meg på heile Israels-turen. Her var folk som var så hengivne i si gudstru, og eg kjende meg liten og fattig i forhold til desse. Dei har ei historie som går 5000 år tilbake, og ikkje berre 1000 år slik som vår, og deira lange historie handlar om ei vandring med Gud. Her er det ikkje nokon som har sett seg ned for å skrive landet si historie, men det er skriftene i Det gamle testamentet som er historieboka. Dei var slavar i Egypt i lang tid, og dei opplevde Guds sterke inngripen og frelse. Dei var forvist frå dette landet i 1878 år. Dei har vorte forfulgt gjennom alle tider, mellom anna av kristne, og ca. 6 millionar av dei vart drepne av naziregimet som hadde mottoet "Got mit uns". Med heile denne balasten står dei ved Klagemuren med bønene sine og med hengivenheita si. Det er ikkje alle jødar som er her, men det er noko alle har felles om ein er ortodoks jøde eller såkalla ateist, og det er at dei ventar på Messias, frelsaren.

Eg vert audmjuk fordi eg som menneske og som teolog har det religiøse innhaldet mitt frå dette folket. Eg høyrer eigentleg ikkje med i dette Guds-folket. Eg er som ei framand grein som er innpoda i stammen fordi dei som naturleg høyrde til på stammen, avviste han som kom til jord som Messias for 2000 år sidan. Derfor kan eg rekne meg blandt Guds folk, men det er desse som er valde til å vere Guds utvalde folk, og det er desse som fekk alle løfta om Guds nærver og Guds rike. Så ved Klagemuren kjenner eg på stor takk, og eg lurer eg på kva som vil skje når dei rundt meg ser at Jesus er Messias.

Etiketter:

onsdag, januar 17, 2007

Nils til minne

Vår kjære Nils til minne.
Torsdag 14. desember om ettermiddagen sat eg i bilen på veg tilbake til Skotfoss. Det nærma seg jul. Tankane jobba med opplegget til skulegudstenestene og til julegudstenestene.
Så ringde telefonen. Det var Britt Jeaneth. Eg høyrde på stemma at noko var gale. "Pappa var død", sa ho. Den var hard å ta. Eg ville ikkje tru det, men ... då var det sikkert slik. Hjartet hadde stoppa medan han sat ved kjøkkenbordet og las avisa.
Så var det å snu seg rundt og få rydde ting til side slik at ein kunne reise til Ellingsøya veka etter. Vi måtte vere med og ta avskjed med Nils.
Eg trur eg huskar første gongen eg møtte Nils. Det var i 1964. "Fiskenes" skulle selgast til Fiskarstranda, og ein del folk derifrå kom til Haramsøya i samband med overleveringa av båten. Deriblant var Nils.

På jakt etter Hilda.
Seinare kom Nils tilbake til Haramsøya. Han byrja å kike etter søstera mi, Hilda, og det likte eg dårleg. Det var så greitt at Hilda var der ho var, men eg kunne ikkje hindre det som var på gang.
Dei to gifta seg i Borgund kyrkje 30. desember 1967. Nils kom inn i familien vår, og han vart eit av dei menneska eg har sett aller mest pris på. Han var ein stjernekar. Han var lett å vere saman med han, og ein trivdest i hans selskap. Han var så snill, og han nølte ikkje med å gjere ei teneste for andre. Det var lett for han å gi bort ting, og den dressen eg hadde på meg i gravferda hans 21. desember 2006, hadde eg fått med han. "Ka i verda", sa han.
Nils likte at folk kom på besøk. Han hadde stort harterom, og då vart det nok husrom også. Og så var det viktig for han at folk fekk nok mat, men han sjølv stoppa å ete når "kvota" var innteken. Då vart han som regel setande og vente på dei andre, for "inntaket" hans gjekk fort.

På sjøen.
Nils var ein sjøen sin mann. Han reiste ut til sjøs ikkje lenge etter konfirmasjonen, og han seilte ute i ca. 10 år. Han var med ein båt som heitte "Terria". Han hadde mykje å fortelje frå desse åra, og han uttalte dei utanlandske orda på sin måte. Det var ikkje så nøye med om uttalen var korrekt.
Frå 1959 byrja han som fiskar, og skal ein ramse opp båtane han var med, kan ein nemne: "Langahaug", "Nord", "Sulabrun", "Borgundfjord", "Erik Løken" og "Tampen". Den siste var han med i 4-5 år. Han var med "Fiskenes" frå 1964-1970. Han var med "Fiskeskjær" frå 1970-1986. Denne perioden kom det ny "Fiskeskjær", og inn i mellom nybygga var han med "Merian" og "Havskjær".
Nils var ein ettertrakta sjømann, for han var dyktig å arbeide. Det gjekk unda når han sette i gong, og det fekk vi erfare på andre måtar også. Når vi var ute i Håvika på Haramsøya og plukka blåbær, vart som regel spanna hans først full. På Grytebust på Ellingsøya skulle han lage dør frå kjøkkenet og inn til daglegstova, og då var det å finne fram motorsaga. Støvskya stod rundt han, men var der ledningar inne i veggen tru? Nei, det tenkte han på etterpå. "Ka i verda", sa han.
Frå 1978-1979 arbeidde Nils på sjøbud på Ellingsøy. Han slutta som yrkesaktiv i 1986.

Verdig avskjed.
Nils vart gravlagd frå Ellingsøy kyrkje torsdag 21. desember. Folk hadde møtt opp frå mange plassar, og det vart ein verdig avskjed. Noko viktig for oss er borte no når Nils er borte, men vi har håpet om å vere saman igjen ein gong seinare. Det skal skje når jord og himmel er fødd på ny, og Jesus samlar folket sitt til evig fest og glede. Og inntil det skjer lyser vi Guds velsgning og fred over Nils sitt minne, og vi takkar for alt han var for oss.

lørdag, desember 16, 2006

Vandring til stallen

Det er desember, og det er snart jul. Fokuset er på noko som skjedde ei mørk natt for ca. 2000 år sidan. Eit ungt par var på veg frå Nasaret til Betlehem for å skrive seg i manntalet, og tida var komen då ho skulle føde det første barnet sitt. Vi veit korleis det gjekk. Dei måtte ta til takke med ein stall, og der kom fødselen. Det nyfødde barnet vart stellt og lagt i ei krybbe, i dyra sitt matfat.

Vandring anno 2006.
Denne forteljinga vert fortalt om igjen og om igjen år etter år, og det kan skje på ulike måtar. Ein måte er å leike det sjølv. Det er det som skjer når barn frå 4 til 7 år er med på julevandring. Første dagane i desember kom barnehage og 1. og 2. klasse på Skotfoss til kyrkja for å vere med på dette.
Det første som skjer er at barna vert tekne inn i eit rom i kyrkja. Der er det ein vaksen person, ofte leiaren for vandringa, som kler seg ut som keisar Augustus. Han fortel at keisaren ville ha oversikt om kor mange som budde i det store riket hans. Derfor måtte alle reise og skrive seg i manntalet. Han fortel også om dei tre vise menn frå Aust som såg stjerna, og som skjønte at noko spesielt skulle skje. Då vert tre barn kledde ut som vismenn med kroner på hovudet, kapper over skuldrene og gull, røykelse eller myrra i hendene. Så går alle ut av rommet, og vandringa startar.
Ein går til hovudinngangen på kyrkja. Augustus bankar tre gongar på døra, og så kjem engelen Gabriel ut. Alle får kome inn, og Gabriel fortel litt om det som skal skje, og så vert nokre barn plukka ut til å vere englar saman med Gabriel. Dei får på seg kvite kapper, glitter i håret og lys i handa, og dei øver på englesongen "Ære vere Gud ... ", før ein opnar døra inn til kyrkjerommet og vandringa kan halde fram.
Etter nokre turar opp og ned og mellom benkeradene ender ein opp ved bålet utanfor Betlehem. Der fortel Augustus om gjetarane julenatt, og så får nokre barn kle seg ut som gjetarar med hovudplagg og stav i handa.
På vegen mot Betlehem stoppar ein ved adventstaken der ein tenner lysa og syng "Tenn lys" før ein plukkar ut nokon til å vere Josef og Maria og verten i herberget.
Til slutt når vi målet, Betlehem. Josef og Maria er så trøytte etter den lange vandringa, men dei slit med å finne overnattingsplass. Siste utveg blir å banke på ved eit herberge, og jammen er det fullt der også. Men så får verten ein underleg tanke: Dei kan få vere i stallen. Det er ikkje den beste plassen å føde på, men det er det beste han har, og Josef må seie takk for tilbodet.
Og til slutt samlast alle der, dei stolte foreldra, gjetarane som fekk storbesøk frå himmelen og dei rike vismennene langt borte frå. Og midtpunktet er det lille barnet som ligg og sov i dyra sitt matfat. Alt såg så lite og usselt ut, men samstundes var det så forunderleg stort. Og jammen sneik ikkje Augustus seg med også.

Gran Canaria - på leit etter delfin

Det er varmt i sjøen rundt Kanariøyene, og der kan vere spennande dyr å sjå. Eit av desse er delfin. Det er for meg eit fasinerande dyr, og det hadde vore moro å verkeleg sett eit ein gong.
På hamna i Puerto Rico var der båtar som reiste på delfin-safari då målet var å sjå desse flotte dyra. Der var også ferger som gjekk til ein koseleg fiskarby ikkje så langt borte, og som av og til la turen om delfin-området eit stykke ute på sjøen. Vi vart med på ein slik tur ein dag.


Delfinen hadde lunchpause.
Vi reiste utover, og vi speida og vi speida, men ingen delfin var å sjå. Etter ei tid foreslo eg at nokon kunne hoppe i sjøen, og så kunne vi andre leike at det var ein delfin, men det fall ikkje heilt i smak.
Vi hadde ein flott båttur. Det var blå himmel og roleg sjø, så vi hadde det så fint som vi kunne ha det, men vi måtte sette kursen mot land utan å ha sett nokon delfin. Slik er det av og til, men kanskje vi har betre lykke ein annan gong.

Fiskarbyen Mogan.


Ferga gjekk inn til byen Mogan. Det var ein forholdsvis liten by. Den var ikkje så prega av turisme som Puerto Rica, men der var ein del turistar å sjå likevel. Folk jobba på båtane sine rundt om, og der var mottak av fisk. Gatene var fint dekorert med blomar, og der var litt trange og koseleg gater å gå i. Dette var ein fin by.


Vi rusla litt rundt og kike og handla, og så var det å finne vegen til stranda. Alle plassar med respekt for seg sjølv hadde ei badestrand. Det var varmt denne dagen, og det var lite vind. Derfor var det til tider trykkande å ligge på stranda. Det hjalp med ein parasoll og ein dukkert i sjøen inn i mellom.

Fiskemiddag på El Molino.
Det vart ingen delfin denne dagen. Vi såg masse fisk inne på hamna i Mogan, men vi hadde ikkje fisketroe til å fange dei med. For å få litt smak av fisk måtte vi gå på restaurant når vi kom tilbake til Puerto Rico. Spørsmålet var då kva restaurant vi skulle gå på. Valet var ikkje så vanskeleg. Vi måtte til El Molino. Der var ein kjekk kelnar som Solfrid og Helga likte så godt. Dei hadde til og med fått smellkyss av han på kinnet. Så den saka var biff.
Peder og Jakob var ikkje så opptekne av kelnerane som sprang fram og tilbake, men dei var einige i at El Molino var ein koseleg plass å få seg noko å ete. Maten var god, servicen var god, og det var ordna fint med lys og grøne plantar. Dette vart vår plass til å få oss mat, av ein eller annan grunn.

fredag, desember 15, 2006

Gran Canaria - øya på tvers

Ein må sjå seg litt rundt når ein reiser så langt. Vi gjorde ikkje det så masse, men vi sette av ein dag til å farte. Vi vart med på den "Klassiske Gran Canaria" turen. Bussen tok oss med innover øya, og vi kom høgare og høgare. Vi var oppe i vel 1700 m.o.h., og der møtte vi tåka.
Vegane vi køyrde på minna oss litt om smale og svingete Vestlands-vegar. Kom vi til ein krapp sving, la sjøføren seg på hornet. Då måtte han bruke heile vegbreidda, og då burde det ikkje kome ein bil imot midt i svingen.

Der var ein bil som køyrde framfor oss heile tida, og sjøføren der var ei søt senjorita. Ho hadde med filmkamera, og ho stod klar til å filme alle plassar vi stoppa. Vi fekk sjølvsagt høve til å kjøpe den filmen, men ein god del av den var reklame for øya og for reiseselskapet. Det var business både utafor bussen og inn i.
Vår dyktige guide fortalde at det kunne kome snø på dei høgaste plassane på øya om vinteren, og kanariane vart ville når dei fekk høyre at snøen hadde kome. Då sette dei seg i bilane og køyrde til fjells på sommardekka sine. Oppe i snøen vart dei som barn. Dei leika og boltra seg, og dei bygde snømenn på bilane sine. Det var stas å kome ned igjen i lavlandet med ein snømann på panseret, men det er uvisst kor mykje det var igjen av snømannen når dei kom ned.

Jesus på markedet.
Vi stoppa ved eit marked i høglandet. Der møtte vi ein eldre mann med esel, og hans store iver var at nokon skulle ri på eselet hans. Dersom ein tok seg ein ridetur utan å avtale prise på førehand, kosta turen 2 euro, men dersom ein avtalte prisen før ein sette seg på eselet, kosta turen 1 euro. Det er mange ting å vere obs på.
På dette markedet var det også sal av honningkaker og anna godteri. Smaksprøvene vart delt ut, og salet gjekk unna. I ettertid smakte ikkje smaksprøvene og dei kjøpte varene heilt likt, men damene tente nokre euro i alle fall.
Normalt tenkjer vi på Jesus som ein ærleg og påliteleg mann, men her fekk vi nokre formanande ord før vi gjekk ut av bussen. På markedet ville vi møte ein Jesus, og han var i fylgje guiden ein stor kjeltring. Han hadde stillt ut masse tøyvarer. "Fint, fint", sa han, og så gjorde han sitt beste for å lokke damene til seg. Det er uvisst kor mykje sal det vart på han.

Jomfru Maria i Teror.
Eit anna stopp var byen Teror ikkje langt frå Las Palmas, og her fekk vi kome inn i ei kyrkje. Folket på Kanariøyane er katolikkar, og der er ein sterk dyrking av jomfru Maria . Inne i kyrkja tronar ho på ei trone av sølv. Dersom nokon har vondt i ein fot, kan dei sjølve eller andre kjøpe ein slik kroppsdel av tre og ta den med inn i kyrkja til Maria og be om at det vonde måtte forsvinne. Folk kunne også krype opp og ned midtgangen i kyrkja til dei blødde på knea når det var noko dei ville be Maria om. Dette verka vel slitsamt for oss som lever med ei anna tru.

Bananer i lange baner.
Når vi kom ned frå fjellet og lenger nord på Gran Canaria, merka vi at klimaet var meir fuktig. Her var vegitasjonen også meir frodig. Der i området var det mange som dyrka bananar, og det gjorde dei ute i det fri eller i store drivhus. Bananar som voks ute i det fri var mindre enn dei frå drivhusa, og dei var søtare på smak. Banan er ein eksportartikkel frå Kanariaøyane.
Vi lærte også kvifor bananen er bøygd. Det har å gjere med det at den veks nedover på klasen, men så vil den bøye seg oppover mot lyset. Då får den den bøygda forma.


Flamingoen dansar.
Gran Canaria er prega av turismen. Lokabefolkninga bur utafor turistbyane, og det er ikkje så mykje ein ser til den lokale kulturen, men litt vart det. Ein kveld kom det ei dansegruppe til hotell vårt. Det var fire kvinner og ein mann, og dei dreiv med Flamingadans. Flamingo er eigentleg ein portugisisk fugl med lang hals og lange bein, og den har symjehud mellom framtea. Desse fire kvinnene og den eine mannen hadde ikkje spesielt lang hals eller lange bein, men dei var flinke til å danse. Kva som var mellom tea, såg vi ikkje.

søndag, desember 10, 2006

Gran Canaria - strandliv

Gran Canaria er ein fin plass å reise til dersom målet er å få sommar, sol og varme. Det vil seie: Det er avhengig av kvar på øya ein er. Der er fire klimatiske soner på øya, og det kan vere stor skilnad mellom desse. På sørkysten liknar klimaet på det som er i Marokka i Afrika, og det er tørt og varmt. Det ser ein også på vegetasjonen. I sør er det karrig vegetasjon, men lenger inne og nord på øya er det meir fuktig og meir grønt.

Amadores.
Målet vårt med å reise hit var å få eit avbrekk frå den mørke og sure hausten i Norge, og då var Puerto Rico ein fin plass å reise til. Himmelen var blå dag etter dag, sola varma godt, og temperaturen låg jamnt på rundt 30 grader. Under slike forhold må ein trekke til stranda. Ca. 2 km frå Puerto Rico var det laga til ei strand som vart kalla Amadores. Der hadde ein køyrt på sand og bygt moloar som skulle verne mot bårene. Sanden var laus, og ein sokk lett ned i , men det var ikkje noko problem å gå der.
Der var ein del folk på Amadores, og ein høyrde kjente språk rundt seg. Der var tydlegvis ein del skandinavar, og ein god del av desse var norske. Men når ein på ferie for å koble ut, går ein ikkje bort til alle for å prate. Ein slenger seg ned på sanden og nyt livet til ein må ein tur ut i sjøen for å kjøle seg ned.
På strendene er der også senger som ein kan bruke. Vi var så naive første dagen at vi trudde at vi kunne berre ta med oss slike senger og sette dei der vi ville, men den gang ei. Oppsynet kan etter ei tid og tala oss til rette. Vi hadde "no respect" sa dei. Etter det var det å ligge på handkle på sanden, og vi var glade for å kunne leige ein parasol.

Hotel i fjellsida.
Det positive med å gå til Amadores var at då fekk ein også trimme litt før ein skulle legge seg ned og dorme nokre timar. Der var ein fin gangveg frå Puerto Rica til denne stranda, og det låg nok masse arbeid bak den gangvegen. Den var murt opp etter fjellsida, og den var fint dekorert med naturstein.
På vår veg passerte vi også fleire hotellkompleks. Dei klorta seg fast i fjellveggen, og brosjyra fortalte at det skorta ikkje på luksus. Det var ikkje så lett å kome seg derifrå og ned til sjøen, men det var laga til flott bassenganlegg oppe på taket. Eg skulle tru at ein må høyre til kaksane for å slå seg ned på desse hotella.

Gratis drosjetur.
På desse turistplassane er der mange som vil selge ulike ting, og tilboda kan høyrast forlokkande ut. Han far sjølv i familien er litt skeptisk til slikt, og han ville gå vidare når nokon ropte etter oss. Men ho mor stoppa når det vart ropt "lady". Det var ein hyggeleg svenske som ville snakke med oss. Han ville tilby ein hyggeleg dag på stranda Anfi, og den var flottare enn Amadores. Det låg litt omvisning i dette, men den kunne vi hoppe av når vi ville. Dessutan skulle vi få gratis drosje til Anfi og tilbake, og som takk skulle kvar av oss få eit stort badehandkle, ei T-skjorte og ei flaske vin.
Ja, dette måtte vi prøve, og til Anfi barst det. Men vel framme fekk vi servert ein annan versjon. Vi måtte vere med på heile omvisninga for å få desse flotte tinga, men vi ville ikkje bruke heile dagen til det. Då hoppa vi av alt saman, men vi fekk ein fin dag på stranda sjølv om vi måtte sjå langt etter badehandkle, T-skjorte og vin. Men etter endt dag fekk vi gratis drosje tilbake. Nokre snille folk finst det dog rundt om.

fredag, desember 01, 2006

Gran Canaria - hotell-liv


Vi kom oss til syden denne hausten også. Flyet letta frå Gardermoen fredag 13. oktober (Silje Beate sin bursdag), og målet var Gran Canaria. Det var ikkje så flust med folk i flyet, men søstera mi Helga og mannen Jakob var der, og det var nok for oss. Ei anna søster, Anna, og mannen Olav skulle også vere med, men der kom det noko i vegen.

Hotell og hotell.
Etter ca. fem timar i lufta landa vi ved Las Palmas, og så var det sommar og sol. Himmelen var blå, sola var klar, og varmen kom imot oss.
Så var det å finne bagasjen sin og ein plass i bussen. Den tok oss med til sør-vest kysten av øya. Vi skulle bu på hotellet Morasol i Puerto Rica. Det var eit hotell med god standard, og det var reint. Romservice kvar dag med oppreidd seng og nye handkle. Vi følte oss som kaksar, sjølv om vi ikkje er det. Solfrid og eg budde i første etasje. Vi var litt skeptiske til det, for vi tenkte det ville bli ein del bråk då, men det vart ikkje noko problem. Derimot låg bassenget rett utfor døra vår, og det var berre å gå rett ut og ta seg ein dukkert. Mi spreke fru hadde seg ofte nokre lengder i vatnet før frukost.
Dette var ein tur til å slappe av og nyte livet. Temperaturen låg på ca. 30 gradar dag etter dag, og himmelen held fram å vere blå. Då var det flott å dekke på bordet ved bassengkanten og nyte ettermiddags-kaffien saman med god familie.
For oss såg det elles ut som om Puerto Rica var ein by av hotell. Dei låg på rekke og rad, og dei låg oppover i fjellsidene. Det var ikkje mange bustadhus å sjå, og vi lurte på om det budde "kanariar" her. Vi fekk høyre at dei budde helst lenger inne på øya. Turismen hadde gjort det for dyrt for dei å bu i desse turistbyane. Kanariøyene er vulkanlandskap, og det er tørt og karrig. Det gjeld også Gran Canaria. Det vil seie: Det kjem an på kvar på øya ein er. Til lenger nordover ein kjem, til meir frodig blir det. Men i sør er det ca. 320 soldagar i året, og der er varmt og tørt. Då er det ikkje mykje som veks, men der var ein del. I sentrum av Puerto Rico var der mange palmar, og der var noko som såg ut som gras. Der var også plassar med flott blomar i mange fargar. Reint flott var det å sjå på.