tomrens liv

mandag, juni 26, 2006

Sunnmørstur mai 2006 - dag 1-2

Mai 2006: Sunnmørstur.
Ferie er ein fin ting. Pakke sekken, reise bort og puste ut saman med resten av familien.
Ein annan fin ting er å kome til heimlege trakter, gå opp igjen gamle stiar og å treffe slektsfolk. Det kan i alle fall vere moro når ein kjem i den alderen då dei gråe håra meldar seg.
Men det er ikkje alltid lett å få til desse to tinga på ein gong: Reise på ferie med familien - og samstundes få tid til å finne dei gamle stiane. Derfor har eg funne ut ein ting: Eg reiser åleine til heimlege trakter ein gong om året. Då gjer eg som eg vil utan at kjerringa eller andre skal vite kvar eg skal, og kvifor eg vart så lenge.
Her og i dei to andre breva kjem ein liten reportasje frå turen i mai d.å.

Måndag 8. mai:
Det kan vere eit stort løft for eit B-menneske å stå opp før klokka 6 om morgonen, men ein gjer det når noko flott lokkar. Tog frå Skien kl. 06,33 til Gardermoen, og flyet landa på Vigra kl. 12,15. Blå himmel og sval bris. Dette ser bra ut. Eg blir henta av min kjære bror Andreas, og i bilen dit han bur planlegg vi neste steg: Fjelltur. Gamlemsveten, 790 m.o.h., skulle passe for oss. Vi er ikkje blant dei yngste i landet, så vi tek det med ro når vi er på veg opp fjellsida. Men min bror på over 70 år er uforskamma sprek, og etter .... når vi toppen. Det er litt dis i lufta, men vi ser godt utover, og vi er stolte over oss sjølve. Så heldige vi er som kan vere her.

Tirsdag 9. mai:
Ny dag og ny tur saman med bror. Denne gongen er det til Haramsøya der vi voks opp. Vi stikk nedom kyrkjegarden og ordnar med gravene før vi reiser til Ulla for å hente finsand til bror sin gulrotåker. På veg til Ulla stoppar vi ved det huset der eg var fødd, og der vi begge budde som born og unge. Vi ruslar rundt i hagen og mimrar over korleis det var akkurat her for mange år tilbake. Det rører ved noko inne i oss å gå her.
Sola skin denne dagen også, og havet utafor Ulla ligg sjeldant stille. Vi må nyte dagen, og vi reiser ut til fyret og et nistepakken vår. Etterpå tek vi turen til Ullahammeren og ruslar mellom dei gamle husa. Det var her Andreas var fødd, og han budde her til han var 4 år.
Frå Ulla går turen til Haram til kamerat Paul og hans familie, og der går praten om båtar, fiskeri, gamle dagar og notid.
Dagen blir avslutta med eit besøk hjå ein nær og kjær slektning som eg ikkje treff så ofte. Dette er å leve livet.

Sunnmørstur mai 2006 - siste delen

Laurdag 13. mai.
Også denne dagen vart brukt til familiefolk.
Før eg kom til verda budde søster til mor mi med familie i andre etasje i huset vårt på Haramsøy. Mannen til mor si søster var bror til far min (er du med?). Då vart ungane til desse to dobbelt søskenbarn med oss. Det har gjort at vi har hatt mykje kontakt opp igjennom, pluss at vi har budd nært kvarandre.
Ein av desse doble søskenbarna bur no i Brattvåg, og denne dagen fekk eg besøke han og kona. Dei heiter Arne og Solveig. Det er sjeldan eg treff dei, og derfor var det voldsomt flott å gjere det denne gongen. I min oppvekst farta eg frå fjøre til fjells saman med ungane til Arne og Solveig, og vi hadde nokre flotte år saman.

Seinare på dagen sa eg farvel til bror Andreas. Eg skulle vere resten av tida hjå dottera hans, Ellinor, med familie. Det vart god mat og god prat og timar til hygge og glede.

Søndag 14. mai.
Dette er folk som liker å reise på tur, og søndagen vart det ny fjelltur til Alnes på Godøya. Turen starta med sol og god utsikt mot øyer og fjord, og etter litt klatring kom vi opp til eit vatn der vi skulle raste. Så var tåka der, og så byrja det å hagle. Ein veit ikkje korleis slikt vil utvikle seg, så vi fann det best å pakke saman og finne vegen ned igjen. Det gjekk fint med oss alle, og ein vestlending som bur på Austlandet var glad for å ha vore med endå ein fjelltur.

Måndag 15. mai.
Dagen for avreise og tid til å seie takk for meg til alle eg fekk treffe. Det vart litt tid til å rusle i Ålesund før flybussen gjekk, og eg var visst ikkje den einaste som rusla i gatene denne dagen. Eit av verdas største turistskip låg ved kai i byen, Queen Mary II, og det myldra av turistar over alt. Det er imponerande å vere nær slike store skip, og det var moro å betrakte desse folka frå framande land.
Men flybussen kom, flyet landa på Gardermoen, og om kvelden var eg tilbake i Skien hos min kjære.
Det er flott med slike åleineturar av og til. Dette var kanskje ikkje den siste, men etter nokre dagar er det godt å kome tilbake til dei ein tilhøyrer her på jord.

Sunnmørstur mai 2006 - dag 3-5

Onsdag 10. mai:
Dette er dagen for den store turen. Eg og Paul er klar for fjelltur kl. 10.00. Turen går opp skaret på Haramsøy og mot den høgste toppen, "Mannen". Det er til tider bratt, og vi må slakke på av og til, og vi må få med oss utsikten. Sola skin bak disen, og fjorden er blanke stille. Frå "Mannen" går turen ut til den ytterste kanten av fjellet, ut mot Lia. Der er ein bauta over eit fly som styrta der under andre verdskrig, og vi nyttar høvet til å raste ved bautaen. Vidare går turen ned til Ulla og ut til fyret der det er ny pustepause og tid til å kjenne på kor godt det er å leve og å vere her.
Så startar den mest krevande delen av turen: Vi går Lia frå Ulla tilbake til Haram. Vi har det bratte fjellet på den eine sida og havet på den andre sida. Det er ikkje så langt i luftlinje, men det tek si tid. Her er store steinar å passere og grotter som havet har grave ut gjennom mange år. Fleire gongar må vi gå opp og ned for å finne ein plass å kome vidare. Vi ser også blankpussa steinar og holer etter bårene si bearbeiding gjennom tusener av år. Vi blir sveitte av klatringa, men dette er flott å vere med på.
Kl. 17.00 er vi tilbake på Haramsida, og akkurat då kjem tåka sigande inn frå havet. Det var godt ho ikkje kom tidlegare, men det var kanskje ein som ordna det slik.

Møte med slekta.
Torsdagen og fredagen var sett av til å treffe slektsfolk. Eg reiste først til Løvsøya der Håkon Hellevik bur. Han er søskenbarn til far min, men eg har aldri troffe han før. Håkon møtte meg på kaia, og vi hadde ein fin dag saman. Det vart mellom anna prata om slekt og familie.
Etter litt kom også barnebarnet hans frå skulen. Han gjekk heim og henta gitaren, og då vart det song og spel i huset.

Fredag gjekk turen til Vigra. Der bur søskenbarnet mitt Margit Molnes. På same måte som med Håkon, er ho ein frisk og alle tiders person. Ho har arbeidd med slekta vår lenge. Ho veit mykje, og så er ho god til å huske det ho sjølv har opplevd. Eg har lært masse av Margit, og ho har mange gamle bilete som det er moro å sjå på.
Det er flott å treffe desse menneska. Eg kjenner at vi har noko felles.

lørdag, juni 24, 2006

Lanzarote november 2005

November 2005.
Hausten i Noreg kan vere våt og mørk, og det kan tære på humøret. Solfrid og Peder bestemte seg for at i år skal vi gjere noko med det. Vi tek ei veke på Lanzarote på Kanariøyene, og slik vart det.
Vi kom ned 8. november. Himmelen var blå. Temperaturen viste 26 grader, og det var berre å gå på stranda. Der vart vi verande mange dagar. Vi måtte nyte sol og varme, og vi måtte ligge så lenge som råd på strandsengene når dei kosta 8 euro pr. dag.
Men ein kan ikkje ligge på stranda kvar dag når ein reiser så langt, sjølv om det kan vere ein bra måte å bruke ferie på. Vi måtte også vere med på ting. Ein ting vi var med på, var sjåtur med ein Catamaran. Sol, varme, sjø og bading er bra saker, og så fekk vi køyre vannskutar . Det gjekk så det suste bortover bårene, og herr og fru Tomren hylte med. Moro var det.
Ein anna minnerik tur gjekk til nasjonalparken Timanfaya. Lanzarote er ei vulkanøy, og i nasjonalparken såg vi korleis lavaen hadde forma landskapet. Vi såg også korleis varmen frå jorda er der i vår tid. Ei bøtte med vatn ned i eit hol i bakken kom fort opp igjen som ei vannsøyle, og ein restaurant steikte all maten sin på naturvarmen frå jorda.
Noko anna imponerande var vinproduksjonen på øya. Små vinbusker som låg i le for vinden bak steingjerde, gav kvar ca 50 kg. druer. Det var meir enn ein skulle tru.
Var noko mislykka på turen? Ja. Ein tur til eit marked. Den dagen var det mot normalt regn og sur vind, og utbyttet var labert. Litt svinn må ein ta med på kjøpet.
Men alt i alt gav det meirsmak å ta ferie på hausten og legge turen til varmare strøk og leike at det er sommar og sol igjen.