tomrens liv

lørdag, juli 29, 2006

Ferie Ulla - Andreas bursdag

Peder sin kjære bror, Andreas, er fødd 13. juli 1935, og i år fall bursdagen hans saman med vårt nærver på Ulla. Han er storebroren i søskenflokken, og han er uforskamme sprek for sin høge alder. Håret er litt grått, men han har i alle fall hår. Han er svært oppegåande, og han trivast når han får halde på med fiskebåten sin. Han er "gamal" fiskar. Han er ein alle tiders kar som vi andre er glade i, og vi ville gjerne gjere litt stas på han denne datoen.
Også fleire av søskena våre var på øya denne dagen, og då måtte vi feire. Det vart baka kake, og det vart steikt vafler. Ferske jordbær kom på bordet, og hytta vart pynta med balongar og stearinlys som spelte bursdagssongen om igjen og om igjen.
Vi gjekk ut på gater og butikkar og bad inn, ikkje framande, men søskenbarnet vårt Magnus Tomren, og han kom og var med på feiringa. Magnus voks opp saman med Andreas, og i barndom og ungdom budde dei i same hus i 10 år. Dei var også ei tid på same fiskebåt, og som pensjonistar har dei regelmessig kontakt.
Så banka Paul Haram på døra. Han visste ikkje om dette gildet, men kanskje den gode vaffellukta flaut over fjellet til Haram og gav han mistanke om noko. Han kom i alle fall inn og vart med på festen. Så heldige vi er som kan vere med på alt dette.

Ferie Ulla - på havet etter lyr og krabbe

Ulla er ein plass vi opplever at vi blir tekne med i fellesskapet. Folk vinkar, ropar hei og gir gjerne ein velkomstklem. Vi opplever oss verdsett, og vi opplever at folk set pris på å treffe oss. Det gjer godt i hjarterota når det er slik.
Ein kveld banka det på hyttedøra. Det var ein kjekk mann som vi kjenner godt, og som vi har hatt fleire gode stunder saman med. Han ville tilby oss å låne båten hans medan vi var der opp. Det var ein nyrestaurert færing med påhengsmotor. "Det går ikkje an å vere på Ulla utan å kome på sjøen", var grunngjevinga hans. No vart det ikkje tid til å bruke færingen, men så flott å oppleve at folk kjem på denne måten.

På storhavet med Paul.
Vi har ein annan god kamerat på Haramsøy, og det er Paul Haram. Nesten kvar sommar vi har vore på øya, har vi hatt ein tur på havet saman med Paul. Han er utdanna bilmekanikar, han er utlært snekkar, men han er fiskar av yrke. Han har ein 12 - 13 meter lang fiskebåt, og saman med han går vi ca. 1 time ut frå land. Paul veit kvar fiskeplassane er, og kvar gong kjem vi inn igjen med fangst.
Det er litt spennande for oss landkrabbar å kome ut på opne havet. Vi er ikkje der i det daglege, og er det ein del båre, skjer det fort at ein må "mate krabben". Det er å bli sjøsjuk og spy. Passar ein på å vere ute i frisk luft, går det ofte bra.
Vi var usikre på om det vart sjøtur med Paul i år. Det byrja å blåse ein del, og då er det ikkje forhold til å reise på havet. Men så kom det ein dag mellom vindkulene då det gjekk an å reise, og så viste det seg at ute på havet var sjøen heilt stille. Det var svartestilla, som vi seier det.
Vi prøvde først etter torsken, men den var ikkje i humør til å bite på denne dagen. Då var det å gå etter lyren, og den beit så vi kjende det frå første kast. Meir enn ein gong drog vi 4 stykke på ein gong. Då er det tungt, men desto meir moro. Etter ikkje så lenge var stampen full, og fiskematen fram til neste sommar var sikra. Vi hadde 25 - 30 bra store lyr.
Dette er matnyttige turar, og vi står i stor gjeld til Paul som vil ta oss med. For oss som har vokse opp med havet, har slike turar ein verdi i seg sjølv. Det er insprøyting av energi og livsglede å kome ut på opne havet, vere i havet sitt element, kjenne storfiske bite og få heise den over ripa (kanten).
Og så skjedde det noko moro. Stampen var full av fisk, og vi bestemte oss for å avslutte og sette kursen mot land. Paul ville gjerne ha nokre sei til ein onkel, men seien var nærare land. Då kom regnbyene, og vinden bles frisk bris frå sørvest. Det er ikkje noko fiskever, men no hadde vi nesten fått det vi skulle, og for seifisket hadde ikkje vinden noko betydning. Seinare viste det seg også at dette var einaste dagen vi kunne vere på havet og drage lyr. Kanskje der er ein Far i himmelen som ordnar ting for oss. Stor takk til han.

Krabbeteiner for oss.
På denne sjøturen fortalde Paul at far hans, Kåre, hadde sett ut nokre krabbeteiner for at vi skulle få med oss krabbe heim att. Vi drog desse teinene på veg inn frå havet, og som resultat av dette har vi no 10 posar med krabbe i frysaren.
Kvelden før vi skulle reise frå Haramsøy, reiste vi ut til Paul og foreldra hans for å seie "ha det" og for å levere ei lita symbolsk takk. Då stod Kåre og kokte krabbeklø. Eg veit ikkje kva planar han hadde med det, men når vi kom, sa han: "No kan vi ha dette saman alle saman". Vi måtte vidare, men vi fekk med oss ein pose med nykokte krabbeklø.
Dette er menneske som gjer masse for oss, og som deler av det dei har frå havets skattkammer. Det er flott å kjenne slike menneske, og det er flott å treffe dei.

fredag, juli 28, 2006

Ferie Ulla - svartestille - kuling - solnedgang

No kan ein tru at det alltid er fint ver på Sunnmørs-kysten, men det er det ikkje. Veret kan vere så mangt, og det kan skifte fort.
Dei første dagane av ferien vår på Ulla var det så fint som det går an å vere. Det var sol frå blå himmel. Det var så vindstille at vi til tider lengta etter ein vindpust, og det var godt når sola vart borte bak ei sky. Vi sat også inne og lurte på om vi skulle orke å gå ut igjen i sola. Det var godt når kvelden kom og vi tok ein tur ut på fyret og såg på svartestilla, solnedgangen og kjende den svale brisen (i den grad der var ein bris).

Kuling og regn.
Men vi opplevd veret også frå ei anna side. Det bles opp til kuling, ja det var ikkje langt frå storm. Havet viste seg frå ei heilt anna side, og ein måtte vere forsiktig når ein skulle klatre på berga. Regnet kunne hølje ned slik at vi lurte på om vi var på Austlandet.
Men vi skulle ut. Det er ein del av sjarmen å merke naturen sin variasjon, kjenne vinden ta godt rundt øyrene og kjenne regnet slå mot kinnet. Vi måtte berre bytte ut shortsen og t-skjorta med langarma og regnklede først.
Som den fødde optimist David er, måtte han ha med seg fiskestanga. Det var ikkje så lett å kaste i vinden. Sluken fauk av gårde, men det vart litt fisk denne gongen også. Småseien ville gjerne vere med oss heim.

Solnedgangen.
Same dagen som kulingen og regnet piska rundt hyttehjørnet, stakk eg ein tur ut til fyret igjen. Det var seint på kveld. Det var snart tid for sola til å gå under horisonten, og jammen var ho der og helste på. Vinden hadde spakna ein del. Regnbyene var borte, og så vart det ei stemningsfull stund ytterst på dei nakne berga med havet som brusa litt, vinden som gav litt løft, og sola og skyene som spelte i horisonten. Ein måse kom også forbi og ville vere med.

På ein av fjellturane våre møtte vi 2 personar frå Australia. Dei bemerka at det var så grønt i graset her, og det har å gjere med det vekslande veret. Nedbør, overskya ver, salt frå havet som kjem med vinden, lange dagar og sol gjer at det gror godt her ute, og grønfargen på marka er sterk.

Ferie Ulla - oppleve naturen

Kva kan ein foreta seg på Ulla? Dagen etter at Solfrid og eg kom dit, tok vi beina fatt og gjekk ut på Kvernholmen. Det er ein holme på utsida av øya. Då er ein ved kanten av Norskehavet, og på holmen står eit stort fyrhus.
Denne kvelden låg havet så stille som ein sjeldan ser det. Det var så vidt båra braut. Klokka nærma seg 11 om kvelden, men sola hadde endå ikkje gått i havet. På desse breiddegrader er det aldri mørkt om natta denne tida på året.
Vi har alltid med oss fiskeutstyr når vi reiser til Haramsøy. Det er berre å hive ut sluken, og som regel får ein napp. Det er ofte småseien som bit, eller det kan vere lyren, torsken eller makrellen. Det er moro same kven som bit på, og så kjenner eit havet si rolege rytme der ved havkanten.

"Mannen" - 409 m.o.h.
Ein annan måte å tukte kroppen på er å gå på fjellet. Høgste punktet på øya heiter "Mannen", og det er 409 meter over havet. Med jamn bra marsjfart bruker ein ca. ein time dit frå Ulla. Det er god trim for kjøtet, og det gjer godt for ånd og sjel.
Idrettslaget på Haramsøy har sett opp postkasser ulike plassar på øya. Der er ikkje så mykje post å hente, men folk kan skrive namnet sitt i ei bok som ligg i postkassa. Ved årets slutt blir det opptelling, og den som har namnet sitt flest gongar i boka, får ein premie. Dette fører til ein kappestrid rundt om på øya, og så langt i år var det folk som hadde passert 100 turar til "Mannen". Det er imponerande, og lekamen nyt godt av det.
På fjelltoppane er det ofte meir eller mindre vind. Det kan vere fasinerande eller forfriskande, men for Silje Beate vart det litt for mykje, og det vart litt for kaldt. Då er det godt å ha på seg ei god jakke.

Vere i landskapet.
"Mannen" er ikkje einaste fjelltoppen å gå til. Ein kan gå til den ytterste kanten av fjellet, ut mot havet. Der står ein bauta over eit fly som styrta der under andre verdskrig.
Eller ein kan gå til Ullahornet. Det er fjelltoppen rett over Ulla, og då ser ein rett ned på jordene og husa. Her er det bratt, så ein må vite kvar ein set fotane sine.
I tidlegare tider klatra folk ned fjellsida frå Ullahornet på leit etter måseegg, eller dei klatra opp fjellsida nedanfrå i same ærend. Når ein står oppe på toppen, skjønar ein at det var med livet som innsats.
Å sete oppe på desse fjelltoppane er å vere i eit mektig landskap. Ein ser så langt det går an å sjå, og ein ser holmar, skjer, øyer, fjell, det opne havet og fjordar og sund. Ein blir liten i Guds natur, men det er eit previlegium å vere i slikt landskap.

tirsdag, juli 25, 2006

Ferie - frå Gautefall til Ulla

Det var tidleg ferie for Solfrid og meg i år. Vi hadde 3 veker frå måndag etter Jonsok-helga. Det var godt å få legge saman arbeidsboka, pakke sekken og reise bort for ei tid. Siste del av vårsemesteret kan vere hektisk, og då kjenner ein seg litt sliten.
Turen gjekk først til Gautefall ved Drangedal. Der har vi ei flott hytte som vi ikkje får brukt så ofte, men det er godt å vere der når vi får det til. Det er ein plass å koble av og kjenne på naturen sin ro og fred.
Fruen i familien har grøne fingrar. Ho liker å stelle med det som gror, og ho er flink med det. Det betyr at det er hage rundt hytta også. Dette er den tredje hagen fruen steller. Ho har ein stor og fin hage på Skotfoss som er mykje omtalt blant folk, og der er ein hage på Sørlandet som ho må bort i av og til.
Hagen på hytta gror til ein del når den får stå urørt over tid. Derfor brukte vi vel ein arbeidsdag til plenklipping og luking av ugras når vi kom opp dit, men det vart også tid til å roe ned og nyte dei fin blomane og det gode veret.

Hus på tur.
Første helga i ferien var det bryllaup i Kristiansand. Det er omtala ein annan stad. Så var det å reise tilbake til Skien og pakke om. Vi skulle til Ulla på Haramsøy. Biltuen opp Gudbrandsdalen gjekk fint. Dachbordet i bilen viste 29 graders lufttemperatur ute, og då er ein glad for å ha aircondition som svalar ned ein god del.
Ved Trollveggen før vi kom til Åndalsnes sa det bomm stopp. Vegen var sperra for ei tid. Dei driv og legg ny veg ned Raumadalen, og nyvegen kolliderte med ei gamal verneverdig stasjonsbygning. Løysinga var å bygge opp ein "på liksom togstasjon" med tanke på turismen, og akkurat denne kvelden var denne stasjonsbygninga på tur til sin nye heim. Den tok heile vegbreidda, og turen gjekk ikkje så fort, så her vart det eit lite stopp.

Til Ulla - fredens plass.
Men vi kom fram til Ulla. Ulla er ein plass på Haramsøy som ligg for seg sjølv. Begge foreldra til Peder er fødd og oppvoksne her, men han voks opp lenger inne på øya.
Tidlegare var Ulla ein sentral plass. Der var eit forholdsvis stort fiskemottak, og det kom ein del folk hit for å få seg arbeid. No er denne aktiviteten borte. Bøndene på Ulla har også lagt ned aktiviteten sin. Jordene er overtekne av bønder frå Haram, sørsida av Haramsøy. Vintershalvåret er Ulla ein heller stille plass, men om sommaren kjem det ein del folk for å feriere.
Solfrid og eg har reist til Haramsøy kvar sommar etter at vi gifta oss, og dei første og dei siste åra har vi vore på Ulla.
Dagen etter vi kom fram, var himmelen blå, og fjorden låg blanke stille. Då var det å installere seg i fjøresteinane med god frukost og gode liggestolar, og så var det å nyte livet. Kjenne den friske havlufta og la freden og roen senke seg. For oss er dette ferieplassen som vi må tilbake til.

Andre ville vere med.
Det er fint når ungdommen vil sjå til dei "gamle". Silje Beate og David kom til øya eit par dagar etter oss, og dei var der resten av ferien vår.
Ferie er også å vere saman, gjere ting saman, og bli betre kjend med kvarandre. Det er også det å improvisere, dekke matbordet i fjøra der bordet ikkje er heilt rett, og der ein kan få uventa besøk frå lufta eller frå sjøen. Dette er i alle fall ei av dei betre sidene ved livet.

lørdag, juli 22, 2006

Sommaren med bryllaup

Herr Tomren er normalt med på fleire vigslar i løpet av eit år, men det er ikkje så ofte han og fruen blir invitert til å vere med på festen etterpå. Denne sommaren vart det faktisk annleis. Vi fekk innbyding til 3 - tre - bryllaup, og herr Tomren fekk vere både prest og gjest.

Wenche og Villeman 27. mai.
Wenche Fone er Peder si niese, og ho hadde funne sin kjære Villeman . Villeman har røter til Voss, og vi er glade for å ha han i familien vår.
Bryllaupet stod i Uranienborg kirke i Oslo 27. mai med mange gjestar til stade. Mellom anna ein landskjend operasongar bidrog til ein stemningsfull vigsel. Peder fekk vie desse to.
Etterpå var det fest i Det Medisinske Selskap der både verdskjende og mindre kjende personar kom med sine gode ord til brudeparet.
Wenche og Villeman har guten August, men han syntest det til tider vart vel mykje av det gode.

Tone og Per Christian 1. juli.
I slutten av juni gjekk turen for oss til Kristiansand. Tone Klovland, niesa til Solfrid, skulle gifte seg med sin kjære Per Christian, og vi var invitert til å vere med. Per Christian er ein flott og kjekk kar som det er fint å bli kjend med.
Vigselen fann stad i Oddernes kirke. Ei fin oppleving for oss som var der. Ein stolt pappa Ragnar førte dottera si til alters.
Selskapet etterpå var på Bjørndalen gård. Det er ein bondegard som er ombygd til å ta imot ulike selskap. På garden var der ein kombinasjon av den moderne tid og dei gamle fjøsveggane. Mellom anna var gåvene stillt ut i møkkakjellaren.

Britt Jeaneth og Jarl 8. juli.
Etter bryllaupet i Kristiansand 1. juli gjaldt det å nytte tida. Vi skulle i nytt bryllaup i Ålesund helga etter. Britt Jeaneth Vågnes, niesa til Peder, skulle gifte seg med sin Jarl i Borgund kyrkje laurdag 8. juli. Derfor var det å sette seg i bilen på Sørland søndag 2. juli og sette kursen nordover.
Jarl er frå Søm i Kristiansand. Han er ein kjekk kar og ein snill gut, og han er stipendiat i Trondheim.
Vigselen i Borgund kyrkje gjekk som planlagt. Dette var den kyrkja foreldra til Britt, Hilda og Nils, gifta seg i i 1967, og Britt stod der i den kjolen som Hilda brukte nesten 40 år tidlegare. Den var berre litt omsydd. Det var Peder som var presten. Selskapet etterpå var på Odd Fellow ute i byen.

Telysa på golvet på Odd Fellow illustrerer det vi ønskjer for desse ungdommane: Må kjærleiken vere der livet ut. Må dei oppleve masse nærleik og omsorg frå kvarandre, og må livet vere fylt av glede og latter.

Jonas frå Nigeria

Folk som ringer på dørene våre for å selge oss ting, er ikkje alltid velkomne. Ein har mest lyst å seie "nei takk" og late igjen døra.
Vi fekk eit slik besøk for nokre år sidan. Det var ein frå Afrika som ville selge oss bøker. For å vere venleg vart eg ståande og høyre på ærendet hans, og så kom det fram at han var ein prest frå Nigeria som reiste rundt i Skien for å tene pengar til studie. Han heitte Jonas Okemiri. Eg bad han inn, og då vart det både bokhandel og vidare prat.
Jonas var ein kjekk kar, og vi prata ein heil del. Eg bad han om å kome igjen, og det gjorde han. Etter kvart fortalde han at han gjerne ville ta Mastergrad i teologi. Han skulle vere eitt år i England, men han hadde lyst å studere i Noreg. Han var interessert i kva sjansar det var for å ta Mastergrad her. Eg hjelpte han å finne fram til Menighetsfakultetet (MF) sitt studieopplegg, og det vart han begeistra for.
Det enda med at Jonas dei siste to år har studert ved MF i Oslo. Han har kone og born i Nigeria, og det har vore tøft å vere så langt borte så lenge. Han har også jobba hardt for å få endane til å møtast, men han har klart det fordi han er ein målbevisst og iherdig mann.

Innbyding til diplomutdeling.
Eg har hatt litt kontakt med Jonas desse åra, og i juni ringde han og inviterte meg til Oslo. Det skulle vere semesteravslutning på MF, og det skulle vere utdeling av diplom til dei som hadde avslutta eit studium. Dette var ei høgtidleg handling, og for meg var det ærefullt å bli inviterte. Innbydinga kom berre 2 dagar før det skulle skje, men eg fekk legge om nokre avtalar i full fart, og så var eg klar for Oslo.
Dette vart ein fin dag. Jonas var kledd i afrikansk drakt. Det starta med gudstjeneste og påfølgande kyrkjekaffi med napoleonskake. Seinare var det avslutningsfest med musikkinnslag på fiolin og cello. Det var tale ved rektor på MF Vidar Haanes, og det var helsingar frå studentar. På biletet til venstre er det Jonas som helsar frå dei utanlandske studentane. Til slutt var det høgtidleg overrekking av diplom.
Jonas har bestemt seg å halde fram studia i Oslo. Han planlegg å vere her i 2 år til, så kanskje det blir fleire treffpunkt.
På dette siste biletet ser vi rektor Vidar Haanes saman med Mastergrads-kandidatane f.v.: Jonas frå Nigeria, Moses frå Tansania, Solomon frå Etiopia og ein frå Thailand (ukjent namn).

tirsdag, juli 18, 2006

David Bakos 30 år

9. juli var for mange i familien vår dagen derpå. Vi hadde feira bryllaup i Ålesund. Lommeboka var skrinn, og det var for seint å angre på at ein ikkje tok meir av hjortesteika. Men for vår kjære svigerson, David Bakos, var dette dagen det starta, for 30 år sidan.
Bryllaupsfesten i 2006 var over. Brudeparet hadde sagt farvel og gått sin veg. 9. juli var ein halv time gamal. Nokre gjenverande gjestar freista å skrive "30 år" med telys på golvet, og når David vart lokka inn i rommet, vart han møtt med "bølgen" og "Hurra for deg som fyller ditt år". Ja, vi var i gong.
9. juli rann opp med lys og varme. Vertinna på byens beste hotell, Silje Beate sitt søskenbarn Ellinor, hadde dekka eit flott bord og heist to flagg, og Ellinor sin mann, Knut Eilert, hadde henta kvite og raude roser frå Amsterdam. Alt til ære for jubilanten.

Feiring på forskudd.
Det var ein ting ved dette som tanken min ikkje forstod. Frå ein er liten til ein er 20 år, er det viktig å vere så gamal som råd. Då er ein 7 1/2 år og ikkje berre 7. Når ein nærmar seg 80 år, er det igjen viktig å vere gamal. Eg har ein kjenning som stadig minner meg på at neste år er han 98 år. Det er han stolt av, og det med god grunn. Men mellom 20 og 80 år er det om å gjere å vere så ung som råd.
Og så kjem det som tanken min ikkje forstod: David kunne ikkje vente med å feire 30 års dagen sin. Han måtte ta den på forskudd, liksom og feire den 3 veker før dagen var der. Han er ikkje liten lenger, og han er ikkje gamal heller. Men så forstod eg det: Han skulle vere bortreist på dagen, og så mange som råd måtte vere med og feire.

Det står alltid ei kvinne bak.
Saken er den at det var ikkje David som stod for "på forskudd-feiringa". Det var det hans kjære kone, Silje Beate, som hadde ordna i smug. Innbyding vart sendt ut til familie og vennar, og i innbydinga stod det at alle skulle ta med den maten dei hadde bruk for. Dei måtte betale for å kome i selskapet, og så var det fint om dei ville gi ei gåve til jubilanten. Då forstod pappaen at denne jenta hadde sunnmørsblod i årene.
Feiringa skulle også foregå på ein låve langt inne i skogen der myggen bur, og litt etter litt dukka dei opp den eine etter den andre. Medbrakt potetsalat, pølser og Coca Cola vart sett på bordet, og stemninga vart lystig og god etter som timane gjekk og myggen susa.

Line Dance m.m.
Fru Bakos hadde også ordna med underhaldning. Speakers Corner var på plass der den som ville, kunne stige opp på bøtta og sei nokre ord til jubilanten. To lag kjempa om å hive ein avsaga trestamme lengst, og så dukka det opp nokre menneske med kvite skjorter, svarte cowboy-hattar og slips. Det var ei Line Dance-gruppe som skulle underholde, og så ville dei lære oss nokre enkle prinsipp i denne kunsten. Fru Tomren klarte seg bra. Herr Tomren klarte trinna bra, men stilen var ikkje den beste. Men begge to fekk den tanken at kanskje eit grunnkurs i Line Dance er tingen. Det er uvisst korleis jubilanten klarte seg, men pr. i dag er han i alle fall i beste velgåande.