tomrens liv

tirsdag, august 22, 2006

Strandliv og lårbeinsbrudd

Sommarferien vår er over for denne gongen. Pliktene kallar igjen, og hjula byrjar så smått å rulle. Men seinsommar treng ikkje å bety at sommaren er slutt. Sola står endå høgt på himmelen, og gradestolken kan krabbe godt oppover. Derfor er det endå litt tid til å slake ut og nyte livet.

Vi har roa ned etter at vi kom frå Sunnmøre. Vi har hatt mykje fint ver, og vi har teke turar til badestranda. Tempe-raturen i sjøen var svært god, til og med for far i familien. Han er ikkje den første til å hoppe i havet, men det var nokre dagar i sommar det var frydefullt å ligge ut i og plaske.
Og så er det godt å kome på land, sette seg i strandstolen med ei bok i hendene og la tankane fare. Eller ein kan gjere som David, legge seg rett ut, drage lua over augene, putte høgtalaren i øyrene og la fantasien reise dit den vil. Då er det ikkje lett å ha det betre her på jord.

Vel heime frå badestranda blir vi mottekne av to firbeinte kattar. Dei også slakar ut i sommar-varmen, men eg trur dei kunne tenke seg det litt kjøligare til tider. Dei går nokre meter over golvet, og så slenger dei seg ned der dei er. Det er så strevsomt å vere i aktivitet i denne varmen. Det beste er å finne seg ein god plass på ein stol eller på ein benk og legge seg på ryggen med beina rett ut. Då har ein det ok.
Som de forstår: Dette er den avslappande familien.

Svigermor brakk lårbeinet.
Men livet er ikkje alltid så lett. Ein dag like etter at vi kom frå ferie, ringde telefonen. Mor til Solfrid var på sjukehuset med brekkt lårbein. Ho passa katten til naboen i sommar, og så skulle ho ut og gi han mat. Av ein eller annan grunn datt ho ved utgangsdøra, og så vart ho liggande der. Ho kom seg opp i setande stilling, men det var alt. Vondt var det også. Dette skjedde ca. kl. 9 om morgonen, og heile dagen til kl. 9 om kvelden sat ho på innsida av døra, og katten gjekk på utsida og masa på mat. "Det var då godt ho hadde nokon å prate med", som søstera til Solfrid sa.
Rundt kl. 9 om kvelden kom eine sonen på besøk, og han fekk nesten sjokk stakkar når han såg mora på denne måten. Men etter ein heil dag på golvet med brekkt lårbein var hennar første ord til han: "Du må gi katten mat". Det var det som var viktig i den situasjonen.
Dette er ei dame med vilje og tæl. No er ho på beina igjen, og ho trenar og trenar for å få kome heim til huset sitt igjen.

Livet sine lyse og mørke sider.
Peder har via ein del brudepar denne sommaren. Ein finn fram den finaste finstasen sin i slike høve, og ein er saman i fest og glede. Dette er dagar med høg stemning, og det er godt det finst slike dagar.
Inn i mellom slike stemningsfulle dagar kjem det ein telefon frå kriseteamet. Ein person har opplevd at ein 2 år gamal gut blir påkøyrd av toget og drept. Han måtte ha nokon å prate med. Då er det berre å rykke ut, og ein møter ein smerte ved livet som ein ikkje kan forstå utan at ein har opplevd det sjølv.
Ein anna dag kjem nokon på døra. Livet vart litt for vanskeleg, og dei måtte ha nokon å prate med.
Då tenker eg: Så godt at folk kjem fram med det dei ber på, og ikkje berre dekkar det til.