lørdag, oktober 07, 2006

Hjula er i sving

No er det ei stund sidan sommarferien var slutt. Dei fleste er tilbake i vanleg gjenge, og slik er det her i huset også. Oppstarten av hausten har ikkje vore for travel for vår del, og glade er vi for det. Men nokre ting har vi vore med på då.

Ungdom frå Melum til Haukenesodden.
På våre trakter er det tradisjon at dei unge reiser på tur når skuleåret startar opp, og slik dette året også. Siste helga i august var det Melum-ungdommen sin tur.
Dei fleste møtte på Haukenesodden fredags ettermiddagen, medan etternølarane kom rundt midnatt. Dei var på utdrikkingslag til ein kamerat. Pizzaen smakte godt, sa dei, men dei hadde blåmerke både her og der. Dei hadde vore ute i mørke skogen og leika eitt eller anna som hadde med skyting å gjere. Stakkars ungdom, men dei meinte det var moro.
Denne tida på året er sommaren på hell, og det kan vere skarpt i lufta. Då gjer det seg med bål og kos rundt det. Men det kan også vere flotte dagar med sol og varme. Haukenesodden ligg ved eit vatn, og der er flotte forhold til bading og båtliv.
Dette året var det plan at ein gjeng frå Nenset i Skien skulle vere med oss, men det var ikkje så mange derifrå som dukka opp. Men nokre kom, og dei fleste av dei var vaksne. Derfor vart turen ein fin blanding av unge og godt vaksne, og det kan vere at ordet "Melum-ungdommen" ikkje var heilt dekkande.

Skotfoss-konfirmantane sin tur.
Helga etter var det Skotfoss sin tur å reise på tur, og her var det 27 konfirmantar og 4 leiarar som reiste. Dette var ei helg med store variasjonar vermessig. Vi hadde fint ver når vi hadde bruk for det, og regnet øsa ned når det ikkje gjorde oss noko.
Tradisjonen tru var vi også dette året på båttur til Mikaelshula ved Norsjø. Mikaelshula er ei hole i fjellet bak ungdommane på biletet ovanfor, og i katolsk tid i Noreg var den brukt som kyrkjerom. Den har namnet sitt etter erkeengelen Mikael, og der er mange legender knytta til denne plassen.
Ein slik tur inneheld også volleyball og bading, og den inneheld Bibel-fortellingar på ulike måtar. Konfirmantane fekk i oppgåve å leike ulike fortellingar, og ei av desse var om stakkars Lasarus som vart alvorleg sjuk. Han vart stellt godt med på benken, men det hjelpte ikkje så mykje. Døden var der, men så gjekk det bra til slutt, som vi veit.
Det er kjekkt å vere på tur. Ein vert rista saman, og ein er med på noko som er "vårt". Seinare dette skuleåret ventar 3 turar til, og vi gled oss.

Ein onkel tok farvel.
I september døydde siste onkelen til Solfrid. Konrad Tømte heitte han og budde på Lillestrøm. Tankane tek ei ekstra runde i toppen når den siste av ein "art" vert borte, og det snart er vår tur til å vere dei eldste.
Vi var med på gravferda som var frå Skedsmo kirke 18. sept. Det var ikkje berre trist, men det var på ein måte ei feiring av at Konrad hadde levd, og der var eit sterkt håp som ropte "på gjensyn".
Konrad var utdanna metodist-prest. Han jobba med rehabelitering av alkoholikarar i mange år, og dei seinare åra var han engasjert i Turistkirka i Spania. Han var eit flott menneske å kjenne og å vere i familie med, og vi ser fram til å treffast igjen.