lørdag, oktober 07, 2006

Vi er reiseklare - Gran Canaria neste

Så flott det er å ha noko å gå til. Det kan vere å pakke stress-kufferten og gå til eit arbeid som gir inntekt, og så kome heim seinare på dagen, vere stollt av seg sjølv og kjenne at ein har utretta noko betydningsfullt. Eller det kan vere å bruke seg på andre måtar. Det er godt å kjenne at ein lever.
Men så flott det er å ta ei pause av og til og gjere noko som bryt heilt. Solfrid og eg reiste til Lanzarote i november i fjor. Det var flott å brekke opp den mørke og sure norske hausten med 26 grader og strandliv i Syden. Det gav meirsmak, og no gjer vi det igjen. Fruen syntest det var litt kaldt der sør i november, og derfor reiser vi litt tidlegare i år.
Vi er i ferd med å pakke kufferten, for flyet går frå Gardermoen på Silje Beate sin bursdag, fredag 13. oktober, og vi satsar på at det skal gå fint på tross av dagen og datoen. Der ventar ei veke med sommar og sol og avkobling, og vi ser fram til det.
Peder hadde berre 3 veker ferie i sommar, og dei to siste skal brukast no. Det vil seie at det er ikkje heilt sant. Der er noko uttak av oppsparte fridagar inn i blant, og då vert det overførte feriedagar som ventar neste år. Snakk om å ha det.
Det ser ut til at andre i familien har lyst å vere også. Ein med fire bein ligg alt klar, men det let seg nok ikkje gjere. Derimot skal Helga og Jakob vere med, søster til Peder med mann, og det gled vi oss til.