lørdag, desember 16, 2006

Vandring til stallen

Det er desember, og det er snart jul. Fokuset er på noko som skjedde ei mørk natt for ca. 2000 år sidan. Eit ungt par var på veg frå Nasaret til Betlehem for å skrive seg i manntalet, og tida var komen då ho skulle føde det første barnet sitt. Vi veit korleis det gjekk. Dei måtte ta til takke med ein stall, og der kom fødselen. Det nyfødde barnet vart stellt og lagt i ei krybbe, i dyra sitt matfat.

Vandring anno 2006.
Denne forteljinga vert fortalt om igjen og om igjen år etter år, og det kan skje på ulike måtar. Ein måte er å leike det sjølv. Det er det som skjer når barn frå 4 til 7 år er med på julevandring. Første dagane i desember kom barnehage og 1. og 2. klasse på Skotfoss til kyrkja for å vere med på dette.
Det første som skjer er at barna vert tekne inn i eit rom i kyrkja. Der er det ein vaksen person, ofte leiaren for vandringa, som kler seg ut som keisar Augustus. Han fortel at keisaren ville ha oversikt om kor mange som budde i det store riket hans. Derfor måtte alle reise og skrive seg i manntalet. Han fortel også om dei tre vise menn frå Aust som såg stjerna, og som skjønte at noko spesielt skulle skje. Då vert tre barn kledde ut som vismenn med kroner på hovudet, kapper over skuldrene og gull, røykelse eller myrra i hendene. Så går alle ut av rommet, og vandringa startar.
Ein går til hovudinngangen på kyrkja. Augustus bankar tre gongar på døra, og så kjem engelen Gabriel ut. Alle får kome inn, og Gabriel fortel litt om det som skal skje, og så vert nokre barn plukka ut til å vere englar saman med Gabriel. Dei får på seg kvite kapper, glitter i håret og lys i handa, og dei øver på englesongen "Ære vere Gud ... ", før ein opnar døra inn til kyrkjerommet og vandringa kan halde fram.
Etter nokre turar opp og ned og mellom benkeradene ender ein opp ved bålet utanfor Betlehem. Der fortel Augustus om gjetarane julenatt, og så får nokre barn kle seg ut som gjetarar med hovudplagg og stav i handa.
På vegen mot Betlehem stoppar ein ved adventstaken der ein tenner lysa og syng "Tenn lys" før ein plukkar ut nokon til å vere Josef og Maria og verten i herberget.
Til slutt når vi målet, Betlehem. Josef og Maria er så trøytte etter den lange vandringa, men dei slit med å finne overnattingsplass. Siste utveg blir å banke på ved eit herberge, og jammen er det fullt der også. Men så får verten ein underleg tanke: Dei kan få vere i stallen. Det er ikkje den beste plassen å føde på, men det er det beste han har, og Josef må seie takk for tilbodet.
Og til slutt samlast alle der, dei stolte foreldra, gjetarane som fekk storbesøk frå himmelen og dei rike vismennene langt borte frå. Og midtpunktet er det lille barnet som ligg og sov i dyra sitt matfat. Alt såg så lite og usselt ut, men samstundes var det så forunderleg stort. Og jammen sneik ikkje Augustus seg med også.