lørdag, november 29, 2008

Israel okt. 2008 - Via Dolorosa med støy og kav

På rundreise i Israel kan ein risikere å trakke i Jesu fotspor. Det kjendest spesielt å gå der han gjekk for mange år tilbake, og no vil eg foreta ei slik vandring ved å fortelje om dei ulike plassane.

Utsikt frå Oljeberget.
Jesus kom ridande inn mot Jerusalem, og på Oljeberget stoppa han og såg utover byen. Det gjorde sikkert inntrykk å stå der, men så byrja tårene å renne. For han visste at om ikkje så mange år skulle denne byen ligge aude, og det stolte tempelet skulle brennast. Det skjedde i år 70. Folket vart spreidde for alle vindar, og det skulle gå nesten 1900 år før dei fekk tilbake landet sitt.

Getsemane.
På turen vår i 2008 kom vi til Getsemane-hagen tidleg ein føremiddag, men Jesus var der om natta i år 33. Det var der han kjempa med angsten før han vart teken til fange. I hagen er der tre med tjukke stammar som såg gamle og sletne ut. Guiden fortalde at desse trea kunne bli 1000 år gamle. Det vil seie at ingen av dei stod der då Jesus gjekk der, men guiden fortalde også at når eit tre døyr, kan det kome nye skot frå same rota. Då kan det i alle fall vere røter i jorda som var der på Jesu tid. Det er usikkert om dei registrerte kva som skjedde der den tida, men ein kan fantasere om det.

Jesus tok med seg tre av disiplane sine lenger inn i hagen for at dei skulle kjempe saman med han, men søvnen tok overhand for dei. Han måtte kjempe åleine, og over den steinen der kampen foregjekk, er det no bygd ei kyrkje. Rundt steinen er det eit lite gjerde og eit alter. Den dagen vi kom dit, var der samla nokre spansktalande til gudsteneste. Samstundes svirra det turistar frå ulike verdshjørne rundt omkring, og eg måtte beundre desse spanske som klarte å konsentrere seg om det dei heldt på med.

Der var strenge reglar for kvar ein kunne bevege seg inne i kyrkja, og hovudet på mannfolka skulle vere bart. Ein stakkars nordmann hadde forvilla seg innafor sperringane, og dessutan hadde han gløymt å ta av seg capsen. Han vart bestemt irettesett av ein av vaktmennene i kyrkja.

Trappene til avhøyr.
Jesus vart teken til fange i Getsemanehagen, og han vart ført ned Kedrondalen og opp til overpresten Kaifas sitt hus. Her skulle han avhøyrast. Frå Kedrondalen og opp til Kaifas er der ei steintrapp, og dei er der i dag dei same steinane som var der då Jesus gjekk på dei opp til avhøyret. Det var spesielt å trakke på desse steinane og tenkje på kva som skjedde her i år 33. Det vart nokre minutt i stillheit og ettertanke.

Oppe ved Kaifas sitt hus er der ei statue av Peter som nekta og banna på at han ikkje kjende denne mannen frå Nasaret. Peter hadde sagt at han skulle ofre livet sitt dersom det vart naudsynt, men her vart dei store orda sett på prøve. Han stod rundt bålet og varma seg, og der var det ei jente som kjende han igjen, og som konfronterte han med desse spørsmåla. Då fall det store motet til jorda, og Peter opplevde den største nedturen i livet sitt.

Via Dolorosa.
Etter domfellinga gjekk vegen Via Dolorosa til Golgata. No i 2008 var det trongt å gå her, og varmen gjorde at det kjendest klamt. Folkestimmelen var til tider stor, og det gjorde at det var vanskeleg å kome seg fram. Salsbudene låg på begge sider bortover, og seljarane brukte høg røyst for å få merksemd. Brått kom det ein ortodoks jøde i svarte kle som skulle opp nokre trappetrinn med ei barnevogn. Han såg ut for å ha dårleg tid, og det heile virka noko slitsamt. Like brått kom det mot oss ein mann berande på ein 75 cm høg stabel med eggebrett, og ein ikkje så fin tanke slo ned i meg: Tenk om nokon set krokfot på han. Det ville bli eit skue, men det var ikkje fint å tenkje slik.

I dette virvaret byrja eg å lure på om her var like ståkete på Jesu tid. Ja, det kan hende det, og så vart det ei preike for meg. Det var her han gjekk, midt i alt som var her. Han er i alt det som livet vårt inneheld av støy og kav, og den tanken vart sterkare når vi kom til dei steinane i vegen som også var der på Jesu tid. Dei var større enn dei andre steinane, og det var spesielt å sette beina sine på dei og tenkje at det var i dette han var, og det var her han bar krossen.

Albogar i gravkyrkja.
Via Dolorosa fører til Golgata og grava. Her var det igjen bygt ei kyrkje, og her var det igjen å stå i kø. Vi lærte ein del om køståing. Vi stod som sild i tønner ved inngangen til Golgata, og vi bevega oss sakte mot den plassen der krossen stod. Men når vi kom fram, gjaldt det å kome seg vidare så fort som råd. Vaktene var ivrige i tenesta, og dei hoya på. Det var visst fleire som venta lenger bak.

Og eg som tenkte at dette skulle bli ei andektig stund ved det dramaet som skjedde her i år 33, og som eg har preika om så mange gongar. Men nei då, her var det å haste vidare. Eg fekk teke nokre bilete, og eg fekk sett på alle kara som hang i taket og alle stearinlysa som brann i fata. Bak dette var det sett opp ein kross med ein figur på, og ved foten av krossen var det eit avlukke der ein kunne stikke hovudet inn og få seg ei stille stund. Stunda vart ikkje så stille og så lang før vi vart skyssa vidare til neste kø.

Og neste kø var ved Jesu grav. Inne i gravkyrkja er det bygt eit kapell over den plassen der grava var, og her var det igjen å vere sild i tønne, saman med nokre russarar som hadde lært å alboge seg fram. Og russarane har tydelegvis lært seg å vere effektive, for dei var ei stor gruppe med ein guide som stod ein eller annan plass og fortalde. Dei av gruppa som stod næraste oss kom stadig med ”hysj” til oss, for vi også ville prate. Svaret vårt var då: ”Go closer”, men det var ikkje lett å gå nærare guiden når vi alle var sild i tønne. Ja, litt moro skal vi ha på ein slik alvorleg plass når tolmodet har tronge kår.

Gå! Gå! Gå!
Omsider var eg framme ved inngangen til grava etter å ha trakka ei russardame på tåa og etter å ha irettesett ein russarmann som sneik i køa. Den ivrige vakta bad oss stå på ei linje, og så var det min tur til å gå inn. Ikkje lenge etter small døra til gravkapellet igjen bak meg, og utanfor høyrde eg vakta rope: ”Gå! … Gå! … Gå!...”. Det var den russardama med tåa det gjaldt. Ho hadde gjort noko ulovleg, og vakta ville ikkje sleppe henne inn. Men ho hadde reist langt og venta lenge i kø, så ho rikka seg ikkje.

Dette gav meg eit høve til ei stille stund for meg sjølv ved den tome grav. Så det er her ein tenkjer at det skjedde. Døden møtte sin overmann, og livet stod fram som sigersherre. Takka mi steig opp til han som lever, og som skal leve til evig tid, og litt av takka gjekk til russardama og vakta som gav meg denne stunda i fred og ro.

Etter nokre minutt valte eg sjølv å gå ut igjen, men ropa ”Gå!...” følgde meg på vegen derifrå. Eg kjenner ikkje utfallet av kampen deira, men eg kjenner utfallet av kampen mellom livet og døden.

Det store jordskjelvet.
Det var heftig det eg la bak meg. Det var høg temperatur og stort engasjement. Ropa var sterke og tydlege, og vilje til å stå imot var stor, men det er å ta for hardt i å kalle det eit jordskjelv.

Men på vegen ut frå gravkyrkja passerte eg restane etter eit jordskjelv. Det står skreve at då Jesus anda ut på krossen på Golgata, la mørket seg over landet sjølv om det var lyse dagen, og det kom eit jordskjelv. Folket som opplevde vart redde, og dei forstod meir av kven denne personen var. Ved utgangen frå gravkyrkja er noko av berget ramma inne, og dersom ein ser nøye på dette berget, ser ein at der er ei sprekke i den frå toppen til botnen. Det skal vere frå det jordskjevet som kom då Jesus døydde.

Etiketter: